
Ingress: Vestleg industri har i årevis vore optimalisert for profitt, ikkje for produksjon og beredskap. Samstundes er Russland i krigsmodus og leverer våpen i eit tempo Vesten ikkje matchar, noko som gjer at Ukraina kan tapa krigen på rein materiellmangel.
Av: Svein Grødaland.
Det er både deprimerande og informativt å lesa om korleis det står til i den gamle verda, les Europa og USA. Vår industri er gjennom år blitt optimalisert med tanke på profitt og aksjonærane sine interesser, medan andre land er optimalisert for produksjon.
Det som burde skræma dei skvetne av oss, er at Russland er i krigsmodus i den forstand at landet klarer å levera tilstrekkeleg våpen og utstyr til krigen i Ukraina, medan vesten sakkar akterut. Der det trengs tusenvis, produserer vesten dusinvis.
Det vil i praksis seia at krigen i Ukraina vil turka ut av seg sjølv på grunn av mangel på militært utstyr.
Børstankegangen har ruinert vestleg industri. Me har produsert for profitt, og sett ut sjølve produksjonen på anbud i staden for å prioritera eigne bedrifter når ting skulle lagast.
Arild Rønsen ironiserer over situasjonen i Klassekampen (2.1.26):
«Det vert sagt at det er 95 prosent semje om ein ny fredsplan. De eine parten er bortimot samd med seg sjølv. Kva meiner den andre parten?»
Her vert Rønsen ullen. Han veit ikkje.
Hadde han vore bedre orientert, hadde han visst korleis den andre parten ser på situasjonen: Stansa Nato sin ekspansjon mot aust, demilitarisera Ukraina og innlemma dei russiske delene av Ukraina i Russland. Dette har vore Russland sin posisjon frå dag ein i krigen.
Støre og Barth-Eide må gjerne lesa dette.
Den dystre sanninga er at Russland vinn krigen på alle plan. Dei rykker fram på fronten. Dei produserer nok materiell til å halda fram så lenge det trengs. Det har ikkje vesten.
Fredsamtalane på vår side minner om praten over kaffikoppen i den tida me var på øving i heimevernet. Interessante samtalar, men ingen effekt på situasjonen.
For meg skaper dette ein smule optimisme. Raknar EU, vert me kanskje kvitt alle dei destruktive direktiva, og kan byrja med politisk arbeid også her heime. Det er på høg tid.
Nato har aldri forsvart noko som helst.Tvert imot: organisasjonen har vore ansvarleg for meir enn ein uprovosert krig, først og fremst i regi av Nato sin dominerande stat, USA. Neste prosjekt er Venezuela, samstundes som Kina raslar md sablane når det gjeld Taiwan sin status. Sjølv USA har anerkjent at Taiwan er ein del av Kina. Så spørs det kor langt det interne minnet i USA rekk.
Det kan verta ein lang veg for oss å normalisera oss i ein ny situasjon der me ikkje lenger er kongene på haugen i det internasjonale samfunn. Framleis Godt Nytt År.